Godt nyttår!

GODT NYTT ÅR!

Planar framover

2020 vart eit stille år når det gjeld konsertar og festival, 2021 blir og eit år prega av restriksjonar. Men det er planlagt nokre konsertar frå september og ut året, som vi vonar kan gjennomførast. Til dømes konserten med deltakar frå Grieg-competition i Bergen.  I første halvdel av 2021 er det imidlertid planlagt digitale opptak av ulikt slag. Dette vil vi kome tilbake til etterkvart, de vil få informasjon via nyheitsbrev eller på facebook.  

Film med Sonate for fiolin og klaver
Då festivalen blei avlyst måtte planar endrast og det blei nødvendig å reorientera arbeidet. Eit eksempel på det er at det vart laga film med opptak av Fartein Valen sin Sonate for fiolin og klaver op 3 i Valestrand kulturkyrkje. Utgangspunktet her var å ha arbeidsopphald i Valenheimen som leidde fram til ei framføring av sonaten. Sonaten vart ferdigskriven av Fartein Valen 2019, men kom ikkje ut på notar før juni 1920. Urframføringa var i Universitetets Aula i Oslo 17.januar 2022. Sonaten er eit meisterverk som blei komponert i same periode som komponisten gjorde intense Bach-studier. I ein draum kom Bach til Valen og sa «Glem ikke harmonienes forhold til hverandre». Johann Sebastian Bach var stor inspirator for Valen. Fiolinisten Tor Johan Bøen har imidlertid studert og spelt fiolinsonaten fleire gonger. I studiene av manuskripta etter komponisten har han funne inspirasjon og motiv av Beethoven. Strykekvartetten opus 135 har eit motiv der Beethoven har skrive «Muß es sein» og seinare «Es muß sein». Desse motiva blir nytta av Valen i sonaten. I klaversonaten op 111 finn ein likskap i form. Ein kan her trekka fram den siste satsen i Beethoven-sonaten (Arietta) som er ein variasjonssats. Den andre satsen i Valen sitt op 3 er variasjonar, og den vert avslutta med ein fantastisk fuge. Dette verket fekk gode meldingar av kritikarane i avisene. Men verket er krevjande og vert difor ikkje så mykje spelt. Til gjengjeld opplever ein stadig nye sider i musikken. Vi vonar å kunne offentleggjera den ferdige filmen i 2021. Filmen var eigentleg tenkt som del av Beethoven-symposium i Stavanger sist november. Det vart imidlertid avlyst, så derfor nyttar med dette på annan måte. Det er viktig for oss at fleire skal få del i den flotte formidlinga av musikken som Tor Johan Bøen (fiolin) og Nils Anders Mortensen (klaver) gjer i dette opptaket.

I 2022 er det altså 100 år siden uroppføringa av Fiolinsonaten op 3, og det er dessutan 75 år sidan komponisten sitt internasjonale gjennombrot 1947 under ISCM-festen i København med Sonetto di Michelangelo. Dirigent var Øyvind Fjeldstad.

Diktet Kirkegården ved havet
Det er og 50 år sidan Per «Pelle» Christensen utga sin omsetjing av «Le cimetiére marin» til norsk. Den er utgjeven blant Universitetet i Bergen sine småskrifter i 1972. Den hadde ei innleiing av litteraturforskaren Hans Aaraas. Aaraas samanstiller Paul Valéry med Paul Claudel og André Gide som dei tre store diktarane i samtida. Paul Valéry gav i 1922 ut diktsamlinga Charmes som inneheld Kirkegården ved havet. Valen leste dette diktet første gong på spansk og han vart gripen av rytmen i orda. Valery nyttar tistavingar som verseform. Diktet er didaktisk og tvingar lesaren til å stanse opp – til å reflektere. Festivalen i 2022 ynskjer å skape rom for innleving i dette diktet på ulike måtar. I tillegg til Valen sin komposisjon, og to planlagte tingingsverk basert på same dikt. På denne måten ynskjer festivalen å få fram eit viktig estetisk grunnlag for Fartein Valen si kunstnargjerning.

Fartein Valen-festivalen 2022
Eg vil i eit seinare nyheitsbrev orientere om festivalen 2022. Dette året blir eit mellomår der ei av målsetjingane er å stimulere prosjekt som skal framførast under festivalen 27.april-1.mai 2022.

Ein kan imidlertid få oppleva to av konsertane som skulle vore under festivalen denne våren. Den eine er det Kompani Haugesund framfører Ingeleiv Berstad sin koreografi til Strykekvartett nr 2 av Valen. Den andre er konsert med Gjermund Larsen Trio og Kammerkoret Bocca. Eit av innslaga er eit arrangement over salmen «Jesus er mitt håp, min trøst», den salmen nyttar i sin fiolinkonsert.

Fartein Valen-stiftelsen har og fleire ting på gang som vi ikkje finn plass til her, men som blir tema i seinare utsending.

Sveio, 5.januar 2020 Ole Jørgen Furdal, festivalsjef