Arbeidsstudio

 

DSC_1613 (1)

Det er no innreidd arbeidsstudio i Valestrand kulturkyrkje. Kyrkja ligg kun 1,5 km frå komponisten Fartein Valen sin heim. Kyrkjerommet skal kunne nyttast som opptaksrom. Arbeids-studioet har lydkort frå Universal Audio, Apollo 8P. Dette lydkortet inneheld mange ettertrakta plug-ins.. Programvaren er Logic og ProTools. I kyrkjerommet vert det installert ein 32-kanals Behringer digital miksar der ein kan kople til ein harddisk med alle kanalane lagra for vidare Post-Produksjon.

Arbeidsstudioet kan nyttast til etterarbeid. Det er kjøpt inn mikrofonar av ypperste merke, Neumann U87, Schoeps og DPA 4098, 4099, 4011 m.fl. Instrumenta i kyrkja er og svært bra, ShigeruKawai-flygel (217 cm); Klop kisteorgel og hovudorgel frå Van Vulpen.

Vi tenkjer oss å tilby aktuelle utøvarar som treng tilgang på eit godt rom og tilhøyrande instrument å leige rommet og lydutstyret. Vi vonar det er interesse for eit slikt tilbod. Kyrkja ligg i rolege omgjevnader der ein kan arbeide uforstyrra. Vi trur at det vakre landskapet i Valevåg, Fartein Valens landskap, er til inspirasjon for veldig mange ulike utøvarar.

Dersom de kjenner nokon som vil vera interessert i å nytta dette tilbodet, ber me om at de tek kontakt med olej@sveio.kommune.no eller tlf 90143989 for nærare opplysningar.

Komponistheimen  vil kunne nyttast til overnatting etter avtale med eigar. Vårt fortrinn er inspirerande Sunnhordlands-natur og rolege omgjevnader. Eit vakkert kyrkjerom som disponerer topp lydutstyr vonar vi vil nyttast av musikarar som vil late seg inspirera av Fartein Valens landskap.