Fra Beethoven til Valen

Festival-programmet 2020 stadfestar Fartein Valen sin viktige rolle i musikkhistoria. Norsk musikk blir gjennom Valen sidestilt med det fremste som skjedde i Europa på same tid. Trygt forankra i den klassiske musikkarven. Han kunne gjort det lettare for seg sjølv, men kunstnarkallet hans ville det annleis. Kvifor skreiv han musikk med eit slikt fortetta og krevjande uttrykk? Håpet om å lukkast i å bli forstått er noko me forbinder med Fartein Valen. Han valde likevel å uttrykka seg på ein måte han visste det ville ta tid for publikum å ta til seg. Dette var ikkje minste motstands veg. Han sa «Min tid kommer nok».

Etter å ha opplevd fleire suksessar i starten av 1930-tallet, reiste han til Mallorca for å nyte stilla på øya. Han skreiv Cantico di Ringraziamento i takksemd for all medgangen han hadde opplevd. Han skreiv til og med bryllupsmusikk i 1933, Epithalamion. Mellom desse verka skreiv han, Nenia op 18, nr 1 og An die Hoffnung – Til håpet, opus 18, nr 2. Trass i at han hadde vunne musikalske sigrar, visar han med desse verka ei avventande haldning. Han kunne ikkje heilt tru at hans tid var komen.

1930-åra var ei krevjande tid for Valen som inneheldt både medgang og motgang. Han fekk kunstnarløn i 1935 av den norske stat trass i at musikken hans brøyt med det som var politisk korrekt. Komponisten David Monrad Johansen blei nytta av politikarane som fagleg rådgjevar når dei tok avgjerda om å tildele Valen kunstnarløn i 1935. Han sidestilte Valen med det som elles skjedde i Europa. Valen plasserte norsk musikk inn i kjernen av det europeiske felleseige. Verka til Valen som blir spelt under årets festival er komponert i tida mellom 1930 og 1935. Det var ei tid som var kritisk til det moderne i musikken. Likevel fekk fleire verk av Valen ovasjonar under framføringane desse åra. Krigen gjorde derimot sitt til at komponisten trakk seg tilbake til eit stille liv i Valevåg. Han såg farane og forstod ikkje korleis kulturnasjonen Tyskland kunne stå bak og leva ut den nasjonalsosialistiske ideologien.

Arbeidsmåten til Valen er kjenneteikna av å ta inn over seg det andre komponistar hadde tilført musikken. Valen er prega av det sterke uttrykket i romantikken. Han er på mange måtar ein romantikar. Og som fleire andre i denne perioden nytta han impulsar frå Bach. Ludwig van Beethoven var og ein viktig inspirasjonskjelde for han. Til dømes sette begge diktaren Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832) høgt. Men Valen kopierte aldri andre komponistar, men han ville bak notane for å forstå den kunstnarlege viljen som låg til grunn. Både Beethoven og Valen er musikalske banebrytarar. Valen valde ei meir krevjande form i sitt musikalske uttrykk. Begge karakteriserte musikken sin til å vera full av kjensler. Musikk blei for begge eit språk frå hjarte til hjarte. Det er fleire dørar som kan føre inn til Valens musikk, men den krev tolkingsnøklar. Når ein ynskjer å lytte til Valen sin musikk vil det vera nyttig å skapa eit rom inne i seg som opnar for eit metta og konsentrert uttrykk. Eit slikt uttrykk krev kvilepauser i lyttinga med hjelp frå andre komponistar og stilartar. Dette ynskjer festivalprogrammet å legge til rette for.

Velkommen til festival!