Stipend og Pris

Statutter for Sveio kommune sitt Fartein Valen Stipend

 

1. Fartein Valen-stipendet er oppretta og vert lyst ut av Sveio kommune. Stipendet kan søkjast av komponistar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg.

2. Ein jury skal velja ut kven av dei aktuelle søkjarane som skal få stipendet på grunnlag av ei prosjektskildring, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid.

Juryen vert sett saman slik:

1. Ein musikkfagleg representant frå universitet/høgskule – utpeikt av universitetet i Oslo.

2. Ordføraren i Sveio eller den han måtte peike ut.

3. Ein representant vald av styret for Fartein Valen-stiftelsen.

4. Ein representant vald av Sveio kommunestyre.

5. Ein representant for hovudeigaren av Valen-eigedommen.

6. Ein komponist utpeikt av Norsk Komponistforening.

Kulturadministrasjonen er sekretær for juryen.

Funksjonstid for juryen:

Representantane 2 og 4 vert valde av Sveio kommunestyre for kommunevalbolken.

Dei andre representantane sit i juryen til dei ber om avløysing.

 

3. Den som får tildelt Valen-stipendet må arbeida i Sveio året stipendet gjeld for, eller 1.kvartal året etter. Opphaldet bør strekkja seg over 4-6 veker. I samarbeid med eigar, stiller kommunen bustad og arbeidsplass til rådvelde i Valen-heimen.

4. Under dei påfølgjande Valen-dagane, vert stipendmottakaren «Årets komponist». I samband med dette er ein føresetnad at ho/han vederlagsfritt held eit foredrag over eit aktuelt tema/eller presenterer seg som komponist.

Arrangør av Valen-dagane har rett til å ta inngangspengar eller dekka utgiftene sine på annan måte i samband med framføringa.

Arrangøren dekker stipendmottakaren sine reise- og opphaldsutgifter etter nærare avtale.

5. Dersom stipendopphaldet resulterer i ein ferdig komposisjon eller anna skriftleg arbeid, må stipendmottakaren forplikta seg til å donera eit eksemplar til Sveio kommune og eitt til Valen-heimen.

6. Valen-stipendet skal lysast ut annankvart år i eigna musikkfaglege publikasjonar.

7. Stipendet vert avgrensa av midlane avsette av kommunestyret ved handsaminga av årsbudsjettet.

Christian Eggen mottok Fartein Valen Prisen 2010

 

Statutter for Fartein Valen Prisen

§1 «Fartein Valen Prisen» er stifta av Sveio og Haugesund kommunar til musikarar som på ein fortenestefull måte har teke del i arbeidet med å styrka omdømmet til Fartein Valens musikk.

§2 Prisen er på kr 80.000 der dei to nemnte kommunane er hovudbidragsytarar, i tillegg yter Harald Lyche Musikkforlag og Fartein Valen Stiftelsen 15.000 kr kvar.

§3 «Fartein Valen Prisen» vert tildelt annankvart år. Det er tildelingskomiteen som er ansvarleg for å vurdere om kriteriene for prisen er oppfylte.

§4 «Fartein Valen Prisen» skal gå til ein «ferdig» utøvar. For instrumentalistar skal alderen vere 27 år og for songarar over 30 år. I særskilte tilfelle der musikaren viser spesiell modning som utøvar, kan desse aldersgrensene fråvikast. Ein ynskjer på denne måten å stimulere musikarar til å framføre musikken til Fartein Valen.

§5 Eit kriterium for tildeling kan og vere engasjement, produktivitet og kvalitet på samtidsområdet.

§6 Prisvinnaren vert invitert til å vere «Festivalutøvar» sunder dei påfølgjande «Fartein Valen Dagane», der minst eit større verk av Fartein Valen skal inngå i repertoaret.

§7 Det er samarbeidskomiteen for «Fartein Valen Prisen» som oppnemner medlemmene i juryen for tildeling av prisen. Medlemmene pliktar å oppnå god kunnskap om musikklivet i Noreg spesielt og skal kunne foreta ein fagleg vurdering av aktuelle kandidatar. Juryen kan og sjølv utpeike kandidatar. Nominasjonar til prisen skal innehalde ei fagleg tilråding med dokumentasjon av dei høge musikalske kvalitetar juryen ynskjer skal liggje til grunn for tildelinga. Musikklivet vert invitert til å fremme aktuelle kandidatar. Juryen kan og vurdere kandidatar busett i andre land enn Noreg.

§8 Når ei tildeling er gjort skal denne følgjast av ein fagleg grunngjeving.

§9 Endringar i statuttane kan gjerast ved vedtak i «Styret for Fartein Valen Stiftelsen»/Samarbeidskomiteen for «Fartein Valen prisen»