
Ein milepæl i Fartein Valen-arbeidet – Nenia
Urpremiere under Ultima-festivalen i Oslo mandag 15.september. 18.-19.september vert kammeroperaen Nenia framført i Haugesunds konserthus - Festiviteten. 8.oktober vert den framført under Oslo operafestival. Kom og opplev denne storhendinga med musikk av Kjell Habbestad og tekst av Paal-Helge Haugen! Speletid er ca 75 min., utan pause
Nenia
– ein kammeropera til minne om Fartein Valen
Dei to hovudpersonane i Nenia er Fartein og Sigrid Valen. Hendinga går føre seg ein dag i 1943, midt under 2.verdskrigen. Ein stad seier Sigrid:
Rosa er vakrast
like før den opnar seg
Då er alt mogeleg
I operaen møter vi Fartein og søstra Sigrid i sitt kvardagsliv. Kvardagens enkle tankar og plikter må etterkvart vike for krigens redsler og framtidsfrykt, og ikkje minst for minne som heimsøker Fartein frå det liv han har levd, heilt frå barndomens Madagaskar til den vaksne komponistens tid i Berlin. Her er levd liv, men også draumar om det som livet hans aldri gav plass for. Stemmer og figurar dukkar opp og forsvinn, før vi til slutt er attende i Farteins nære kvardagslege verd, i Valevåg, like før vinter må vike for vår. Nytt liv gror fram, og med det håpet. Handling og musikk får fram denne spenninga som komponisten levde i. ”Min tid kommer nok” sa han ofte.
Musikk: Kjell Habbestad
Libretto: Paal-Helge Haugen
Regi: Mira Bartov
Produsent: Gjøril Songvoll
Utøvarer:

Rollen som Fartein Valen i Nenia
Fartein Valen: Mathias Gillebo, tenor
Sigrid Valen: Lydia Moellenhoff, mezzosopran
Mannen: Daníel Óskar Daníelsson, bassbaryton
Kvinna: Magnhild Korsvik, sopran
Dirigent: Magnus Loddgard
Samansett sinfoniettaensemble
Elias Habbestad Kjelsås: Gutten
Line Maher, kostymer
Trond Kjslsås, lys
Gard Gramstad, film
Kristin Bredal, co-produsent
Co-produsent: Kristin Bredal
Produsent: Gjøril Songvoll
Framføringar:
Premiere: Ultima, 15. september
Festiviteten, Haugesund: 18. og 19. september
Oslo Operafestival: 8. oktober