
Arbeidsstudio og opptaksrom
Dersom du vil vi skal kontakte deg angående leie av arbeidsstudio og/eller opptaksrom – fyll inn skjemaet nedenfor og ta kontakt!

Arbeidsstudioet kan nyttast til etterarbeid. Det er kjøpt inn mikrofonar av ypperste merke, Neumann U87, Schoeps og DPA 4098, 4099, 4011 m.fl. Instrumenta i kyrkja er og svært bra, ShigeruKawai-flygel (217 cm); Klop kisteorgel og hovudorgel frå Van Vulpen.
Vi tenkjer oss å tilby aktuelle utøvarar som treng tilgang på eit godt rom og tilhøyrande instrument å leige rommet og lydutstyret. Vi vonar det er interesse for eit slikt tilbod. Kyrkja ligg i rolege omgjevnader der ein kan arbeide uforstyrra. Vi trur at det vakre landskapet i Valevåg, Fartein Valens landskap, er til inspirasjon for veldig mange ulike utøvarar.
Dersom de kjenner nokon som vil vera interessert i å nytta dette tilbodet, ber me om at de tek kontakt med olej@sveio.kommune.no eller tlf 90143989 for nærare opplysningar.
Komponistheimen vil kunne nyttast til overnatting etter avtale med eigar. Vårt fortrinn er inspirerande Sunnhordlands-natur og rolege omgjevnader. Eit vakkert kyrkjerom som disponerer topp lydutstyr vonar vi vil nyttast av musikarar som vil late seg inspirera av Fartein Valens landskap.