Kammermusikalsk dypdykk i Valens musikk

I haust vert det satellittkonsertar med utgangspunkt i Valens eige heimemiljø og arbeidsstad. Naturen i Valevåg gjev ein flott rame for konsertane. Søndag 27.august kjem Annabel Guaita, Silje Solberg og Brage Sæbø. Søndag 3.september kjem musikarane Tor Johann Bøen, Alison Rayner, Benedicte Royer og Aurelienne Brauner. Kunstnaren Karoline Emmerhoff har laga eit spanande konsept ho har kalla "Krukkesang". Musikarane ho har invitert med seg er Sunniva Eliassen og Ellen-Martine Gismarvik. Denne forestillinga vert i Kulturkirken Skåre i Haugesund. Henning Sommerro og Edvard Hoem har samarbeidd ved fleire høve, og dei har ein kveld i Valestrand kulturkyrkje 22.oktober. Diplomstudenten Eirik Haug Stömner er ein lovande pianist frå Musikkhøgskulen i Oslo og han kjem til oss sundag 12.november. Konsertrekka vert avslutta i Valenheimen med pianisten Knut-Christian Jansson og kunsthistorikaren Gunnar Danbolt.

I