Fartein Valen Minneår 2022

Fartein Valen-stiftelsen

Gunnar Johan Løvvik, leiar i Fartein Valen-stiftelsen

Ole Jørgen Furdal, leiar Fartein Valen-festivalen og sekretær for Fartein Valen-stiftelsen

  

 

70 år sidan Fartein Valen døydde 14.desember 1952

Fartein Valen døydde 14. desember 1952 på Haugesund sjukehus, 65 år gamal. Då hadde han vore bufast i Valevåg sidan 1938 etter å ha fått staten si kunstnarløn etter vedtak i stortinget. Stortingsrepresentant Olav Aukrust var sakshandsamar og i 1935 vart han akseptert for kunstnarløn. Ein brukte komponisten David Monrad Johansen som fagleg rådgjevar. Særleg Trio for fiolin, cello og klaver (1921) blei trukke fram i grunngjevinga. Her blei det sagt at denne komposisjonen sidestilte Fartein Valen med det beste som elles skjedde i Europa. Opus 5 blei det verket som førte komponisten fram til det som blei hans eigen stil – dissonerande polyfoni. Komponisten kunne dermed slutte med elevar i Oslo og kunstnarløna sette han økonomisk i stad til at han kunne reise heim til Valevåg for å arbeide der. Han kunne no eigna seg fullt og heilt til komponeringa. Heimen i Valevåg gav han høve til det.  Det var i arbeidsrommet her han skreiv dei viktigaste verka sine. Han hadde lagt grunnlag for sitt internasjonale gjennombrot like før krigen. Det blei mykje positiv omtale i trettiåra, til dømes i samband med nordisk musikkfest i Oslo september 1934. Her var tilbakemeldingane at Ave Maria (1924) var det vakraste stykket og det som gjorde sterkast inntrykk.

 

75 år sidan – internasjonalt gjennombrot i København 1947

 

Krigsutbrotet blei medverkande til at han ikkje forlot heimen i Valevåg 1940-45. I 1947 fekk han sitt første internasjonale gjennombrot i København med orkesterverket Sonetto di Michelangelo. Noko som blei stadfesta året etter med Konsert for fiolin og orkester, op 37 i Amsterdam. Dette opna for etableringa av Fartein Valen Society i London. I 1949 blei det danna Fartein Valen Selskap i Norge og Fartein Valen Society i London.

 

20 år sidan Fartein Valen-stiftelsen ble stifta
40 år sidan Fartein Valen-festivalen blei etablert

 

Fartein Valen-stiftelsen er arvtakar etter det nasjonale Fartein Valen-selskapet og blei stifta i 2002, for 20 år sidan. 20 år tidlegare hadde Gunnar Johan Løvvik (dåverande kultursjef i Haugesund) og den musikkinteresserte bankmannen Ivar Folgerø etablert Fartein Valen Dagene i Haugesund/Sveio. Dei fekk løyve frå Magne Valen-Sendstad til å nytte komponisten sitt namn i festivalen. Festivalen feirar dermed 40 år i 2022. Fartein Valen-festivalen har satellittkonsertar kvart einaste år. Arbeidet blir drive som eit samarbeid mellom dei to kommunane Sveio og Haugesund. Administrasjonen er i Sveio. Sveio kommune starta arbeidet i 1994 og det har sikra kontinuitet og betre ressursutnytting for alle partar. Det sikrar og konsertar gjennom heile året og det gjev større fleksibilitet til å bety noko for det lokale musikklivet. Etter at festivalen blei ein biennale, er desse argumenta enno meir aktuelle. Satellittkonsertane sikrar Folkefest i Sveio sentrum som del av arbeidet. Korona-situasjonen har og gitt oss høve til å finne nye måtar å profilera oss på via digitale mediar. I tillegg kan ein bruke ressursar på utvikling av prosjekt som skal legge grunnlag for betre synleggjering i 2022.

 

Diktet Le cimetiere marin – 100 år sidan publisering

Eit sentralt element i minneåret er at det er 100 år sidan diktet Le cimetiere marin kom ut i trykt form. Sjølve diktet er så interessant for forståing av Valen sin musikk, at det har leia oss til eit tingingsverk av Ketil Bjørnstad der diktet er inspirasjonskjelde. Ein ekstra bonus er at det er 50 år sidan Pelle Christensen si norske omsetjing kom ut blant UiB sine småskrifter. Fartein Valen blei inspirert av diktet til å skrive sin mest kjende og spelte komposisjon «Kirkegården ved havet». Poenget med å be Ketil Bjørnstad skrive eit verk basert på dette diktet, er å koma på innsida av eit stemningsbilete. Det har ein stor verdi i seg sjølv at kunstnaren Ketil Bjørnstad lagar denne komposisjonen. Samstundes har me tru på at det i tillegg vil opne opp for Fartein Valen sin kunstnarlege ståstad. Dette skal skape ein spennande kunstnarleg dialog. I tillegg vil festivalen plassere Valen inn i ein kontekst mellom andre norske komponistar.

 

Fartein Valen som lærar – 100 år sidan Finn Mortensen vart fødd

I 2022 er det 100 år sidan Finn Mortensen vart fødd. Han var elev av Valen. Dette elementet blir ein del av fagsamlinga som den nyvalde rektoren ved NMH, Astrid Kvalbein, leier i Valenheimen. Mortensen har fleire eigne aktuelle komposisjonar, men har og tilrettelagt Fiolinkonserten til Valen for Fiolin og Klaver. Denne versjonen skal framførast under festivalen.

 

Tolkingsnøklar til Valen sin musikk

Fartein Valen-stiftelsen har som arrangør av festivalen som målsetjing å gje tolkingsnøklar til djupnene i Valen sin musikk. Eit utgangspunkt er Valen sitt eige uttrykte ynskje om å koma bak notane. Dette inneber ikkje berre ei komposisjons-teknisk tilnærming, men forståing for korleis ein kjem fram til eit musikalsk uttrykk. Valen nyttar orda «Ånden bak notene». I ein draum høyrde han Bach seie til seg «Glem ikke harmonienes forhold til hverandre», dette var medan han skreiv Sonate for fiolin og klaver, op 3. På denne tida brukte han mykje tid på å kome bak notane i Bach sin polyfoni. Ei slik forståing er først og framst ei abstrakt tilnærming. Det er ikkje muleg å laga ei oppskrift på korleis den musikalske prosessen foregår inne i hovudet på ein komponist, men ein vil sjølvsagt i etterkant kunne analysere det konkrete resultatet og sjå nærare på dei teknikkene han brukte. Valen hadde stor nytte av sine Bach-studier. Begge har eit særmerkt tonespråk som vanskeleg let seg kopiere av andre komponistar. Lyttarane treng og tid for å ta til seg musikken. Dette blir eit viktig element for oss når satellittkonsertane blir planlagt. Det blir program i minneåret frå februar til november.

 

November 2021

Les mer

Godt nyttår!

GODT NYTT ÅR! Planar framover2020 vart eit stille år når det gjeld konsertar og festival, 2021 blir og eit…

Les mer

Fartein Valen-festivalen utsatt

Fartein Valen-festivalen 2020 er utsett, men me vonar å kunne flytta så mykje som mogeleg av programmet til neste år. Me legg ut oppdateringar av situasjonen her på heimesidene. 

Les mer

Fra Beethoven til Valen

Festival-programmet 2020 stadfestar Fartein Valen sin viktige rolle i musikkhistoria. Norsk musikk blir gjenno…

Les mer

Haugesund Sparebank - Hovedsponsor - Fartein Valen