SKRUK a cappella lørdag 21.september

Koret SKRUK blei starta i 1973. Det har sitt utspring på Sunnmøre, men tel i dag songarar frå Harstad i nord til Amsterdam i sør. Per Oddvar ”Prots” Hildre har heile vegen vore musikalsk leiar og dirigent. Koret er dreve på frivilleg basis med 5 helgeturnèar i året, og songarane legg ned mykje fritid for å spreie korsong av høg kvalitet til heile landet.

Tittelen på konserten er ”SKRUK a cappella”, der koret presenterer eit utval songar som viser breidda på repertoaret som SKRUK har opparbeidd seg gjennom sine 40 år. Det vil vere songar frå gospel- og spiritualstradisjonen i USA, kopla til våre eigne norske og europeiske salmar og folketonar – nokre i nye arrangement som enno ikkje er utgitt på plate.

SKRUK vart kjend for mange gjennom sitt lange og banebrytande samarbeid med Ytre Suløens Jassensemble og Henning Sommerro/Vårsøg, og har sidan vore ein spydspiss i norsk korliv med sine mange musikalske kulturprosjekt saman med artistar frå New Orleans, Equador, Aserbajdsjan, Russland, Palestina og Iran.

I tillegg har koret dei seinare år gitt ut fleire album med både nyskrivne songar og gamle salmar arrangert av jazzpianisten Tord Gustavsen. Ei av dei nyaste platene våre, Starry crowns in heaven, inneheld kjende og mindre kjende spirituals. Desse songane har koret studert inn under leiinga av S. Carver Davenport frå New Orleans, ein av dei fremste og mest inspirerande kordirigentane i USA på denne typen repertoar.

I samband med desse prosjekta har koret turnert i både New Orleans, California, Equador, og Aserbajdsjan. I 2011 vart koret invitert til å halde konsertar i Teheran i Iran, og vart møtt av eit svært begeistra publikum.

Ein Konsert med SKRUK er vel verd å få med seg. Her er det berre å nytte høvet, la oppvasken stå, og fylle på med korsong og kultur!

Billettsal ved døra frå 30 min. før konsertstart.
Presse har sjølvsagt fri adgang på konserten. For meir informasjon om koret: www.skruk.no. Om de ynskjer

ytterlegare informasjon, ta kontakt med:

Ole Mathis Lystad Grimstad PR/Informasjon
Sjå adresse og tlf. nedanfor

___________________________________________________________________________

SKRUK
v/ Ole Mathis Lystad Grimstad ~ Staffeldts gate 2 ~ 0166 OSLO tlf. 91569588 ~ e-post: info@skruk.no

 Vår Frelsers kirke