
Nenia – ein kammeropera til minne om Fartein Valen
«Uten tvil Norges største komponist. Filosofisk dybde, formbevissthet, naturfølelse, kompromissløshet, han er Norges Beethoven.» Pianisten Einar Henning Smebye om Fartein Valen
Den årvisse Fartein Valen-festivalen her i regionen blir arrangert av Fartein Valenstiftelsen,
med hjelp av økonomiske tilskot frå Norsk kulturråd, Hordaland og Rogaland
fylkeskommunar og hovudsamarbeidspartnarane Sveio og Haugesund kommunar. Målet
for stiftelsen og festivalen er å forvalte den kunstnarlege arven etter komponisten Fartein
Valen på ein best mogeleg måte.
Essensielt for å halda denne arven levande er det å fremja nyskapande prosjekt som på
ulikt vis er knytta til komponisten. Difor har vi initiert eit stort prosjekt som skal munne
ut i at det blir skapt og framført ein heilt ny kammeropera med utgangspunkt i Fartein
Valen, hans liv og hans kunst.
Fullfinansieringa av tekst og musikk er sikra, med hjelp av Norsk kulturråd, Advokat og
Major Eivind Eckbos legat, Institusjonen Fritt Ord og Fartein Valen Stiftelsen.
Ut over dei første framføringane i september 2014, vil denne operaen vere eit
satsingsområde for Fartein Valen-festivalen framover, aller helst som ei tilbakevendande
hending og eit fast punkt for Valen-markeringane. Vi oppfattar operaen både som ein
tenleg reiskap for å opna forståinga for Fartein Valens kunstnarlege særart, og som eit
viktig kunstnarleg produkt i seg sjølv. Å sikra realiseringa av dette operaprosjektet vil
såleis tena eit todelt formål: gjennomføre ei kunstnarleg hending på høgt nivå, og
samstundes løfte fram ein levande dokumentasjon kring ein av dei største kunstnarane
landet vårt har fostra – ein kunstnar med djupe røter her i regionen.
Musikk: Kjell Habbestad
Libretto: Paal-Helge Haugen
Finansiering
Å gjennomføre eit operaprosjekt på dette nivået er eit svært løft, både kunstnarleg og
økonomisk. Vi har møtt stor velvilje og entusiasme frå dei offentlege instansar og dei
andre institusjonar vi har vore i kontakt med, og fått støtte frå. Men for å oppnå
fullfinansiering slik at prosjektet kan bli realisert etter dei planane som ligg føre, treng vi
medverknad også frå anna hald. Difor søker vi fondsstøtte samstundes som vi også
vender oss til ulike delar av det regionale næringslivet for å finne støttespelarar der. På
denne måten ønskjer vi at prosjektet skal få eit breiast mogeleg grunnlag, og ei sterkast
mogeleg regional forankring. Likevel er det viktig å understreke at eit prosjekt som dette
har nasjonale dimensjonar, både på grunn av den kunstnarlege investeringa som blir
gjort, og fordi det er komponisten Fartein Valens liv og verk som er utgangspunktet.
Om operaen
Operaen Nenia låner sin tittel frå eit av dei sentrale orkesterverka til Fartein Valen,
skrive i 1933. Sjølv ville han at dette verket skulle oppfattast som eit klangleg
minnesmerke over alle unge som måtte late livet i krig. Tittelen tyder klagesong eller
minnesong, og til saman gjer dette tittelen naturleg å bruke i ein kammeropera som skal
minnast Fartein Valen, og som har éin dag under andre verdskrigen, ein dag seinvinteren
1943, som si ytre ramme. Men denne dagen opnar seg i alle retningar, mot fortida både i
form av personlege minne og i form av den fortidas musikk som danna referansepunktet
for Valens modernisme, og den opnar seg mot ei usikker framtid. Ikkje berre ulike tider,
men også ulike landskap vil strøyme saman i opera-forteljinga – Madagaskar (der han
levde sine første år med sine misjonærforeldre), Mallorca (der han fann inspirasjon til
nokre av sine mest kjende verk), like fullt som Berlin (der han studerte) og Valevåg (som
var det faste punktet i tilværet hans). Erindringar og tankar, glede og frustrasjonar, håp
og redsler skifter, tid og rom løyser seg opp før dei igjen samlast om kvardagen i
Valevåg, hos Fartein og søstra Sigrid. Her skal finnast både den lokale eksistensen og den
universelle toneverden. Det nære og enkle støyter mot det store og ugripbare, det
realistiske mot draumar og syner.
Musikken i operaen vil vere heilt og fullt Habbestads eigen, men i ei slik framstilling er
det naturleg at element frå Valens musikk glimtvis vil kunne skine gjennom toneveven,
utan at det på nokon måte vil dominere det musikalske uttrykket – det vil heller vere eit
utgangspunkt og ein art referanse, i respekt for den moderne musikkens fremste
føregangsmann i vårt land. Habbestad har også tidlegare skrive eit verk med
utgangspunkt i Valens musikk – Introduction & Passacaglia, til 100-årsminnet for Fartein
Valens fødsel, basert på hovudtemaet og kontrapunktet i Valens fiolinkonsert.
Karakterane i operaen er FV (Fartein Valen, tenor), SV (søster Sigrid Valen, sopran),
pluss to skiftande og aldri fastlagde karakterar som representerer erindringar,
minnebilete, motstemmer frå den ytre verda, tru og tvil (M og K, bassbaryton og
sopran). I tillegg er det ein stumrolle – ein gut, omlag 12 år gamal. Kammeroperaen vil ha ei speletid på 70-75 minuttar, utan pause, og utan sceneskift.
Premieredato:
Fredag 19.september 2014 i Festiviteten, Haugesund konserthus