Familiedag 28.april i Valenheimen

Det vert fleire arrangement retta mot familiar denne sesongen. Sveio barnekor samarbeidde med Fartein Valen-arbeidet om sin vårkonsert, 7.april. Denne vart ein stor suksess. Søndag 28.april vert det familiedag i Valenheimen mellom 12.00 og 16.00 med mange ulike programpostar. Søndag 22.september vert det Fyrfestival på Ryvarden og 20.oktober vert det stor familiekonsert igjen i Sveio kyrkje.

IMG_7368Valestrand bygdalag arrangerer søndag 28.april familiedag i Fartein Valen sin heim,  Valenheimen.  Arrangementet varer frå kl 12.00 – 16.00 med ulike programpostar undervegs. Vi vonar det skal bli ein triveleg dag for både små og store. Programmet det vert lagt opp til inneheld mellom anna rebusløp, quiz, kafe og omvising med orientering om Valenheimen ved Fartein Valen-Sendstad. Dessutan vert det musikalske  innslag ved Valestrand skulekorps og elevar frå kulturskulen. Ei av elevane frå kunstskulen i Sveio viser bilete ho har laga. Dagen vert leia av Thomas Brekke i Hovedutval oppvekst og kultur i Sveio.

 

Vi ser fram til denne dagen med stor glede!

 

PROGRAM FAMILIEDAG I VALENHEIMEN

 

1200: Velkommen

 

1210: Fartein Valen-Sendstad fortel !

 

1230: Omvising i huset

 

1230: Kjøp av vaflar, pølser

 

1315: Korpset spelar

 

1345: Valen-Quiz

 

1430: Elevar frå kulturskulen

 

1500: Kjøp av vafler, pølser

 

1500: Vinnarar av Quiz, premieutdeling!

 

1500: vandring i hus og hage

 

1600: Avslutning