Studio Fartein Valen

14124894_10154397529900871_3986592864425476180_o

Arbeidsstudioet i Valestrand kulturkyrkje er no klart til bruk. Det gamle dåpssakristiet er innreidd for postproduksjon. Det er prioritert å kjøpe inn gode mikrofonar med tanke på flygel, strykarar, orgel og vokalopptak. Kyrkja ligg kun 1,5 km frå komponisten Fartein Valen sin heim.  Det er mogeleg å bu i komponistheimen etter avtale med eigarane. Tanken er at å bu og arbeide i det landskapet Valen skapte sine største komposisjonar skal vera ei kjelde til inspirasjon for musikarar og komponistar. Å bu og arbeide her gjev og den roen ein treng for å arbeide konsentrert.

 

Kyrkjerommet inneheld ei scene som gjev gode tilhøve for musikarar til å høyra kvarandre godt i samspel.  Flygelet i kyrkja er eit ShigeruKawai SK-6 (214cm) av høg kvalitet. Det fyller rommet svært godt og har ein god speleart. .Intonasjonen er jevn og har både sanglege kvalitetar samtidig som klangen er som klårt, rennande kjeldevatn.  I tillegg er det eit orgel bygd av van Vulpen i 1987-88. Instrumentet har 11 stemmer. Dette er første byggetrinn. Det er gjort klart for utbygging av ryggpositiv med 11 stemmer til. Klanleg er det eit svært godt instrument som er veleigna musikk frå det klassiske orgelrepertoaret. Kyrkja disponerar og eit lite kisteorgel frå Klop Orgelbouw.

 

PA-anlegget består av  ein 32-kanals Behringer digital miksar der ein kan kople til ein harddisk med alle kanalane lagra for vidare Post-Produksjon. Arbeidsstudioet kan nyttast til etterarbeid. Det er kjøpt inn mikrofonar av ypperste merke, Neumann U87, Schoeps CMS-65 Set og DPA 4098, 4099, 4011, 4060, 4091.

 

Studio Fartein Valen tilbyr aktuelle utøvarar å leige eit godt rom og tilhøyrande instrument og opptakstilhøve Vi ynskjer å kartleggje interessa for dette tilbodet. Kyrkja ligg i rolege omgjevnader der ein kan arbeide uforstyrra. Vi trur at det vakre landskapet i Valevåg, Fartein Valens landskap, er til inspirasjon for veldig mange ulike utøvarar.

 

Dersom de ynskjer å få vita meir om dette tilbodet, ber me om at de tek kontakt med olej@sveio.kommune.no eller tlf 90143989 for nærare opplysningar. Komponistheimen vil kunne nyttast til overnatting etter avtale med eigar. Vårt fortrinn er inspirerande Sunnhordlands-natur og rolege omgjevnader. Eit vakkert kyrkjerom som disponerer topp lydutstyr vonar vi vil nyttast av musikarar som vil late seg inspirera av komponisten Fartein Valen.